Gamle Langvin jordbruksskule i Innvik har lenge vore ei hovudpine for fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane. Etter at jordbruksskulen vart avvikla i 1995, etablerte fylkeskommunen og Stryn kommune Stiftinga Langvin, som skulle sørgje for ny aktivitet.
- Må spytte inn pengar
Urtehagen som skulle gje nye inntekter har kasta lite av seg, og heller ikkje drifta av Langvin Gjestegard AS har gjeve inntekter til skikkeleg drift. Dvergsdal meiner fylkeskommunen, som er den desidert største av stiftarane, må spytte inn pengar så det monnar.
Kan stille på kort varsel
Men fylkesrådmann Per Drageset seier han kan stille opp på eit møte med styret i Stiftinga Langvin på kort varsel. Om anlegget i Innvik bør seljast vil ikkje fylkesrådmannen ha noko meining om før han får sett seg betre inn i tilhøva på Langvin. I mellomtida har Dvergsdal håp om ei ny leigeavtale for deler av anlegget.