NRK Meny
Normal

- Fylg Soria Moria-erklæringa!

Norges Bondelag krev at styresmaktene fylgjer opp lovnadane frå Soria Moria-erklæringa når det gjeld verneområdet mellom Breheimen og Mørkridsdalen i Luster.

I eit brev til Fylkesmannen viser bondelaget til fleire punkt i Soria Moria-erklæringa til regjeringa Stoltenberg.

Mellom anna står det der at nasjonalparkane skal utviklast som ressurs for lokalsamfunna, at kulturlandskapet ikkje skal gro igjen og forfalle, og at lokale og regionale folkevalde organ skal få meir å seie i forvaltninga av naturen.

Vidare står det i erklæringa at forvaltningsplanane skal bli utarbeidde så raskt som råd etter at det er vedteke vern, og at det blir oppretta næringsfond i kommunar som blir omfatta av vernevedtak.

Norges Bondelag minner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om desse punkta i samband med at det no blir starta planarbeid med tanke på vern av Breheimen og Mørkridsdalen i Luster.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser