Hopp til innhold

- Fusjon no er uaktuelt

Det er ikkje aktuelt for Fjord1 å gå inn i eit storselskap på Vestlandet dei første to-tre åra, seier konserndirektør Olav Smørdal.

HSD og busseselskapet Gaia i Bergen sa tysdag ja til å slå seg saman. Dei ventar no på velsigning frå bystyret i Bergen. Blir det ja, blir dei omlag jamstore med Fjord1, og styreleiar Gunnar Bakke i Gaia vil at selskapet skal bli endå større.

Men Smørdal vil ikkje seie ja til invitasjonen med det første.

-Ikkje øvst på agendaen

- Eg vil avgjort meine at Fjord1 er der vi bør vere dei næraste to-tre åra, så får vi sjå om det er grunnlag for å gå inn i konkrete prosjekt med andre på eit seinare tidspunkt. Det store vestlandsselskapet er ikkje det som står øvst på agendaen vår her og no

- Ikkje uaktuelt for all framtid

Smørdal ser likevel at at dagens konkurransesystem i rutedrifta driv fram stadig større selskap. Det var bakgrunnen for samanslåinga av Fylkesbåtane i dei to fylka, og det stoppar neppe der.

- Eg kan ikkje sitte her og seie at dett er heilt uaktuelt, og dette er først og sist ei sak for eigarane våre. Vi har i dag ein storleik, ein kompetanse og ein kapitalbakgrunn som gjer at vi skal vere ein tung nok og konkurransedyktig aktør i denne marknaden, seier konsernsjef Olav Smørdal i Fjord1.