NRK Meny
Normal

- Samanslåing kan øydelegge styrken til høgskulen

SOGNDAL (NRK): Nær kontakt mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar gull verd, meiner forskarar.

Søkjer informasjon

JAKT PÅ KLOKE HOVUD: Økonomi- og jusstudentane Anja Rimmen (t.v.) og Silje Aune Kværness får vita meir ein mogleg framtidig arbeidsplass av Heidi Furevikstrand i Sparebanken Sogn og Fjordane (t.h.)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er her vi rekrutterer. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har vi 22 avdelingar og ei avdeling utanfor fylket. Så det er klart det er viktig for oss å bli kjent med studentar lokalt, seier Katrine Stafsnes Osland i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ho er frå ei av fleire bedrifter som møter studentar frå Høgskulen på jobbjakt på karrieremesse.

Tett kontakt mellom næringsliv og bedrifter

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av 18 statlege høgskular som er spreidde over heile landet, men regjeringa insisterer på større einingar. Ein forskingsrapport frå forskingsinstituttet Nifu, slår fast at nettopp den desentraliserte strukturen er høgskulane sin store styrke.

Grunnen er den tette kontakten høgskulane har med bedrifter, kommunar og andre offentlege aktørar i regionen. Det er ordførar og leiar av Sogn regionråd, Harald Offerdal, samd i.

– Høgskulen i Sogn og Fjordane er alfa og omega for fylket. Den sikrar god rekruttering, og vi er blant dei beste i landet på skule, og den rolla høgskulen har hatt har vore heilt avgjerande, seier Offerdal.

Han er uroa for regjeringa sin iver etter å slå saman høgskulane.

– Det er vi livredde for. Det er heilt avgjerande for oss at høgskulen beheld sjølvråderetten over kva studium dei vil ha som er tilpassa regionen sine behov.

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av høgskulane kunnskapsministeren pressar på for å slå saman i større einingar.

– Regjeringa må lytte til innspel

Leiar i Forskerforbundet, Petter Aaslestad, åtvarar statsråden mot å øydeleggja den nære kontakten høgskulane har med omlandet sitt.

– Ein klar styrke er den korte vegen mellom næringsliv og utdanningsinstitusjon. Det er krevjande å få til i større organisasjonar der det er langt frå botn og topp.

Aaselstad meiner høgskulen sin fremste styrke står på spel og han forventar at regjeringa lyttar til innspela frå kvar høgskule.

Statssekretær Bjørn Haugstad meiner uroa er ugrunna.

– Vi meiner at reforma er viktig for å kombinere høgare kvalitet med å vere til stades og ha tett samarbeid mellom næringsliv og offentlege verksemder. Det meiner vi blir stadig viktigare i åra som kjem. Men vi må ta grep for å auke kvaliteten, seier Haugstad.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote