- Det er fleire ting som tyder på dette. Mellom anna var veska framleis på armen hennar, det låg ein matpakke i veska, slik at ho tydeleg var på veg til jobb. Eg meiner det verkar som ho har møtt ein tilfeldig person og kjempa for livet og tapt, sa Luka.
Fleire spor
Det er fleire spor som gjer at Luka meiner det har vore kamp på staden. Øyredobbane vart funne ved hovudet til Slåtten, det var opphoping av jord under skoa hennar, ho hadde skrubbskadar fleire stader.
- I tillegg er det ein roten kvist som tydeleg er malt sund under Slåtten, forklarte Luka.
Han meiner også at funnstaden er åstaden ut frå fleire funn. Mellom anna stemmer skadane rettsmedisinarane fann på Slåtten overeins med skogbotnen på funnstaden.
- I sum meiner eg dette er ein åstad for eit drap og ikkje berre ein funnstad. Gjerningspersonen har sete eller lege over henne og halde henne nede, medan han kvelte henne, sa Luka.
Ivar Blikra. Foto Rune Kjær Valberg NRK
Avviser motførestilingar
- Denne opphopninga av jord under skoen hennar, kan den ha kome på medan ein gjerningsmann har slept henne inn, spurde forsvarar Ivar Blikra Kripos-betjenten.
- Det kunne det kanskje, men då ville vi funne spor av at ho vart slept inn, seier Luka.
- Og det fann de ikkje, spurte Blikra.
- Nei, var svaret.