Hopp til innhold

- Fundo-tilbodet blir avvist

Innovasjon Norge aksepterer ikkje tilbodet frå den lokale gruppa som vil kjøpe Fundo Wheels.

Dei lokale initiativtakarane som torsdag la inn bod på 15 millionar kroner , blir i følgje firda.no avvist av Innovasjon Norge, som er den største pantekreditoren i konkursbuet.

- Vi finn ikkje grunnlag for å akseptere tilbodet, og det har vi sagt i frå om, seier kredittsjef Nils Roald i Innovasjon Norge til nettutgåva.

- Er ikkje sterke nok

Den lokale eigargruppe ville starte felgfabrikken på nytt , med 185 tilsette og ein årsproduksjon på 750 000 felgar. Innovasjon Norge har uteståande lånegjeld på kring 60 millionar kroner og har mellom anna pant i den mykje omtala hybridfelgen.

- Skal buet selje, må vi ha tru på at det vert ei varig verksemd med ein eigarskap som er i stand til å ivareta drifta over lengre tid. Vi trur ikkje at denne gruppa er sterk nok til å få rekningssvarande drift, seier Roald.