NRK Meny
Normal

- Frykteleg å sjå øydeleggingane i Flåm

Dei evakuerte opplevde det som skremmande å bli evakuerte frå heimane sine i Flåm tysdag kveld.

Marita Brekke syns det er trist å sjå alle øydeleggingane i Flåm.

TRIST: Marita Brekke er ein av dei 143 evakuerte frå Aurland. Ho syns det er vondt å sjå alle øydeleggingane som har vore i bygda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Det er vondt å sjå alt som har skjedd i Flåm, med dei store øydeleggingane, seier Marita Brekke.

Trass i at ho bur høgt oppe, valde ho og familien å evakuere frivillig då meldingane om dei store vassmengdene og vegar som var vaska vekk i Flåm tikka inn.

– Vi har to små born, så vi evakuerte for å vere på den sikre sida. Ungane har takla det bra, og eg trur ikkje huset er øydelagt, fortel ho til NRK.

Ho arbeider sjølv på hotellet i bygda, der dei evakuerte først vart sende. Men etter er stund var det heller ikkje trygt å opphalde seg der, og alle måtte evakuere der ifrå. Onsdag blir hotellet brukt som base for redningsmannskap og Sivilforsvaret. Sjølv håpar Brekke at dei snart får kome heim.

– No ventar vi til politiet slepp oss inn, fram til då må vi berre vente. Det blir herleg slappe av i kveld, seier ho.

Sjå Flåm frå lufta etter Flåmselvi sine herjingar

Må bu seg på venting

Det er førebels uklart kor tid Marita Brekke og dei andre evakuerte i området får flytte tilbake til husa sine. Det blir gjort ei grundig synfaring i området no, for å avgjere kva som skjer vidare.

– Vi kan ikkje gå ut med noko eksakt tidspunkt for kor tid vi får avklart dette, men tidlegast klokka 13. Vi har folk oppe i helikopter som synsfarar området, og ser på enkelte kritiske punkt. Det er viktig å finne ut om det blir danna demmingar. Så blir det teke avgjerder på bakgrunn av det, fortel ordførar Noralv Distad til NRK.

Hovudvassforsyninga i kommunen er også ute av drift. Brotstaden ligg mellom Sogneporten og Skaimshagen, og på denne strekninga er folk utan drikkevatn. Ordføraren oppmodar innbyggjarane om å spare på vatnet.

– Det blir jobba for fullt for å rette problemet, men vi veit ikkje kor tid vatnet er tilbake igjen, seier Distad.

– Skremmande oppleving

I Aurland sentrum stod det onsdag morgon fleire skuleelvar klare til å ta fatt på skuledagen, trass i skremmande opplevingar tysdag kveld og natt. Johanne Sandstrøm var ei av dei som onsdag morgon venta på skulebussen.

Skuledagen går som vanleg for evakuerte frå Flåm.

SKREMMANDE: Trine Loven, Gabrielle Kunigiskite og Johanna Sandstrøm opplevde det som skremmande når vassmassane stod høgt i Flåm sentrum og dei måtte evakuerast.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Det var intenst, og både skremmande og spanande. Då eg kom med båten i går ettermiddag var heile sentrum her dekt av vatn, fortel Sandstrøm.

143 personar vart evakuerte frå Aurland, totalt var 252 personar i kontakt med kommunen i samband med evakueringa. To helikopter måtte settast i sving for å hente over 20 personar ut frå nokre av områda, fordi vegar og bruer inn var vaska vekk. Skulen og barnehagen i sjølve Flåm blir halden stengt onsdag, og det blir ikkje sett opp båttransport ut av kommunen.

– Heller gå på skulen enn å vente

Meir dramatisk skulle det bli for skuleeleven. For nokre timar etter at ho kom frå skulen tysdag måtte ho saman med familien evakuere heimen sin.

– Det var mykje folk ute, frå Sivilforsvaret mellom anna, og vi såg at dei prøvde å halde kontroll på det. Då følte eg meg meir trygg, seier skuleeleven.

Til vanleg ville ho teke båten til Sogndal for å gå på skule, men på grunn av dei store vassmengdene må ho sette seg på bussen i staden for båten. For på skulen skal ho.

– Det er like greitt å reise på skulen, heller den enn å sitje å vente, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune