Hopp til innhold

- Fryktar Jølster er pressa

- Private gjevarar har i for sterk grad fått styre kvar det omstridde Astrupsenteret i Jølster skal liggje. Det meiner professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Oddbjørn Bukve
Foto: Hisf

Bukve er redd pengegåver frå private har pressa politikarane i Jølster til å ta avgjerder dei elles ikkje ville ha teke.

- Det er ein fare for at politikarane i iveren etter å få dette tiltaket til lett kan gå med på premissar som ikkje nødvendigvis er dei same som dei ville ha lagt til grunn om dei skulle ha teke desse avgjerdene åleine. 

 

Professoren kastar seg inn i den oppheta debatten om kvar det planlagde Astrupsenteret i Jølster bør liggje.

- Kan bli konkursprosjekt

Jølster kommunestyre vil ha det kloss i Astruptunet på Sandalstranda, noko som har skapt sterke reaksjonar. Mange er redde eit besøkssenter på sørsida av Jølstravatnet vil liggje for langt frå dei store turiststraumane og difor vil bli eit konkursprosjekt. Det meiner Oddbjørn Bukve òg.

- Det kan bli eit økonomisk sluk.

Private står bak 40 prosent

Sparebankstiftinga DNB Nor kjøpte i fjor den store Astrup-samlinga til skipsreiar John Christian Brynhildsen og blir truleg sentral i finansieringa av senteret. I budsjettet for Astrupsenteret står pengegåver frå private for den desidert største posten med heile 15 millionar kroner, det vil seie 40 prosent av finansieringa.

Føringar

Professoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane trur private gjevarar har lagt sterke føringar for kvar senteret skal liggje.

- Det kan vere tilfelle. No kjenner eg ikkje detaljane, men eg vil tru det kan vere slike bindingar som har gjort seg gjeldande.

Ordføraren avviser

Ordførar Gerd Dvergsdal avviser at dei private gjevarane har sett noko krav om plassering på Sandalstrand. Ho seier at gjevarane berre har støtta den plasseringa kommunestyret har bestemt.