NRK Meny
Normal

- Fryktar bråk i Flåm

Reiselivet i Flåm fryktar bråk søndag når den viktige turistbåten mellom Gudvangen og Flåm vert innstilt på grunn av streiken.

- Det er svært beklageleg at tredjeperson vert skadelidande på ei så viktig turistrute. Det vert heilt sikkert bråk, seier dagleg leiar i Flåm utvikling, Olav Lühr.

- På kva måte?

- Ja, det vil stå passasjerar både i Flåm og Gudvangen som har bestilt turar for fleire månader sidan og er avhengige av korrespondanse vidare.

- Vil skade Flåm

Dersom streiken held fram til helga og M/F "Gudvangen" går ut av trafikk på den svært populære Nærøyfjorden, vil det råke fleire hundre passasjerar kvar dag, meiner Olav Lühr. Han meiner dette utan tvil vil skade renomeet til Flåm som reisemål.

Lühr reknar og med at Fjord1 tar ansvar og reiser inn til til Flåm laurdag for å informere dei reisande om at dei ikkje kan nytte seg av billettar dei alt har kjøpt og betalt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå