I dag tidleg sa Åge Starheim at han garanterer for auka vegløyvingar dersom han kjem inn på Stortinget.
Liv Signe Navarsete, som er Senterpartiet sin førstekandidat til stortingsvalet, kallar løfta for luftig valflesk.
- Han må halde seg til det ein viser at ein vil gjere på Stortinget og ikkje luftig valflesk som ein lyftar fram ein tidleg morgon på radioen, seier Navarsete.
Liv Signe Navarsete meiner Frp har null truverde når det gjeld samferdslelovnader. Foto Scanpix.
- Null truverde
Grunnen til Liv Signe Navarsete sitt verbale angrep på Framstegspartiet, er lovnadane som Åge Starheim kom med på radioen i dag tidleg. Då garanterte han for bedre vegar her i fylket, berre han vart vald inn på tinget til hausten.
- Det burde settast av 10 milliardar kroner per år ekstra. Det blir hovudoppgåva mi å få til, sa Starheim.
Det er altså dette som i følge Liv Signe Navarsete er luftig valflesk. Ho ladar igjen hagla, og meiner Åge Starheim har null truverd i samferdslespørsmål.
- Gjennom budsjettforlika med regjeringa kunne Frp ha fått til ei skikkeleg satsing på samferdsle, men det har dei ikkje gjort, seier Navarsete.
Sjølv om dei kranglar, er både Liv Signe Navarsete og Åge Starheim samde om at vegstandaren i dette fylket må betrast. Spørsmålet er kven som kjem i posisjon til å få gjort noko med det.