NRK Meny
Normal

- Fredsprisen til EU underleg

Tildelinga av Nobels fredspris til EU vekkjer ikkje stor begeistring i Nei til EU i Sogn og Fjordane.

Thorbjørn Jagland og Geir Lundestad

OFFENTLEGJORDE: Torbjørn Jagland og Geir Lundestad i Oslo i dag.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Fylkessekretær Sindre Humberset, som og er redaktør i Nei til EU-avisa Standpunkt, meiner EU ikkje har gjort seg fortent til ein fredspris.


– Dette er vi veldig kritiske til, vi synest det er eit veldig underleg val av Nobelkomiteen, slik det fungerer i dag bidreg EU til å skape ustabilitet både i EU-landa og globalt.

Sindre Humberset

KRITISK: Sindre Humberset i Nei til EU.

Foto: Nei til EU

– Kunne vore rett for mange år sidan

Humberset vedgår at EU historisk sett har gjort sitt til at det stort sett har vore fredeleg i Europa sidan andre verdskrigen.

– Det er ikkje tvil om at visjonen om å skape kol- og stålunionen i 1957 baserte seg på å hindre krig mellom dei landa i Europa som hadde vore i krig med kvarandre så mange gonger.

–Men ein treng ikkje byggje opp ein europeisk superstat for å hindre krig mellom Frankrike og Tyskland. Det som starta med ein god tanke har gått over til å bli noko mykje meir.

Han meiner det kunne ha vore på sin plass å gje fredsprisen til EU for ein god del år sidan, men ikkje no.

– Påverkar ikkje EU-motstanden

Humberset viser til den aktuelle situasjonen i Europa der folk i mange EU-land går til gatene for å protestere mot måten EU handterer krisa på.

– Det er ikkje akkurat fredsskapande og stabiliserande.

Han trur ikkje tildelinga av fredsprisen til EU vil påverke motstanden i det norske folket mot EU-medlemskap.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser