Hopp til innhold

- Fotturisme utryddar villreinen

Rovdyr og turistar kan vere nokre av årsakene til at villreinstammen i Vest-Jotunheimen er halvert, meiner Villreinutvalet.

Video nsps_upload_2009_4_7_20_37_14_2718.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I løpet av to år er villreinstammen meir enn halvert, til berre 170 dyr under teljinga i fjor haust, skriv Sogn Avis .

Villreinutvalet for Vest-Jotunheimen meiner det er eit bomskot å tru at arrangement som Highcamp og Tinderittet på Turtagrø er årsaka til at reinstammen er truga.

Fleire DNT-turistar

Vidar Moen er særleg kritisk til etableringa av DNT-ruta frå Avdal til Gravdalen, som han meiner har fått negative konsekvensar for villreinen. Også stien til DNT-hytta i Stølsmaradalen går rett gjennom eit viktig villreintrekk.

– I sum vert det veldig mange stader der det går merka løyper gjennom trekkrutene til reinen. Og med ein stadig vekst i denne trafikken, er eg redd vi finn ein del av forklaringa på tilbakegangen i villreinstammen her, seier Moen.

Villreinutvalet meiner nedgangen har fleire årsaker: Auke i talet på jerv og ørn, nye inngrep i naturen i tillegg til aukande ski- og fotturisme rett gjennom trekkruta til villreinen.

Meir rovdyr i fjellet

- Det er truleg fleire forklaringar på dette, men ein av dei er heilt klart rovdyr. Vi har sett ved fleire høve at jerven jaktar på dyr i reinsflokken inne ved Turtagrø-området. Det som då skjer er at flokken strekkjer seg ut på halvøya, seier Steinar Mørkrid som er medlem i Villreinutvalet.

Han meiner det er meir rovdyr enn på lenge på halvøya mellom Øvre Årdal og Turtagrø og ut til området der Årdalsfjorden møter Lustrafjorden.

Villreinutvalet meiner eit av strakstiltaka som må setjast i verk er å tilføre flokken friske kalvar frå andre område.