NRK Meny
Normal

- Forsvaret knebla oss godt

Thomas Sørum og Nikola Djurdjic fekk eit tøft møte med Sogndal og Fosshaugane.

Even Hovland og Thomas Sørum

STOGGA: Thomas Sørum fekk lite til mot Sogndal-forsvaret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med i bagasjen heim til Haugesund vart det 1-3 og null poeng. Det var ein resignert Thomas Sørum som møtte pressa etter kampen.

– Sogndal vinn fortjent. Dei knebla meg og Nikola godt der bak, og gjorde det vanskeleg for oss. Dei var gode, seier han og siktar til hardtarbeidande sogndalspelarar, og ei forsvarsrekke på fem spelarar.

- Har god kontroll

Djurdjic og Sørum har saman scora ni av Haugesund sine 19 seriemål i år. Sogndal-trenar Harald Aabrekk skildrar spissparet som eit av landets beste.

På Fosshaugane vart spissane meir eller mindre tekne heilt ut av kampen. Midtstoppar Even Hovland, vedgår at det var tøft å få 0-1 i fleisen, men meiner kampen til slutt vart mellom dei kjekkaste så langt i år.

– Eg føler vi har god kontroll. Vi slepp dei lite til, og vi skaper sjansar. I første omgang styrer vi, i andre omgang kontrollerer vi inn 3-1. Vi er fantastisk godt nøgde, jublar Hovland.

Vart hardt straffa

Søurm og Haugesund fekk ein pangstart då Alexander Søderlund dunka inn leiarmålet etter fire minutt. Så gjekk det skeis for Haugesund.

– Vi får ein draumestart, og trur at vi får gode sjansar. Så blir vi hardt straffa. Det smell tre gonger feil veg og så klarer vi aldri å finne tilbake, seier den tidlegare Strømsgodset-spelaren.

– Dei spelar med mykje folk bak ballen, og vi klarer aldri å finne ut av det. Forsvaret får stå og stange ut, og der er dei bra, resignerer han.

- Må vere kyniske

Ole Jørgen Halvorsen vart dagens mann for Sogndal med to mål og ein målgjevande pasning. Tre mål på ein og same omgang er over ein tredjedel av dei åtte måla laget har scora så langt i sesongen.

Med Cato Hansen som bakromsspiss fekk Haugesund meir enn nok med å halde styr på den fotrappe sogndalspissen. Det gav rom for kantspelarane til Sogndal. Og det utnytta dei.

– Underhaldningskvaliteten var nok ikkje like bra i andre omgang, som i første. Klart at det er kjedeleg for dei som ser på. Men i den posisjonen vi er i, så må vi vere kyniske og berre dra det i land, seier Halvorsen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå