Saka mot sykkelpresident Erik M. Aarethun går i hovudsak ut på om han har unnlete å føre tilstrekkeleg rekneskap for sitt enkeltmannsføretak som han driv i Lærdal. Det han definerer som rekneskap består stort sett av ei inntektsside og ei kostnadsside, samt bilag til kvar post. Ifølgje Aarethun sjølv er dette ført slik han fekk melding om av sitt lokale likningskontor då han starta føretaket i 1984.
Sykkelpresidenten er difor overbevist om at fylkesskattekontoret har ein annan agenda for å få han dømd. I retten forklarte han det med at han kanskje var litt frekk i munnen då folk frå skattestyresmaktene i 2002 gjorde bokettersyn i eit anna firma som han også eig i Lærdal.
Rekneskapsplikt
Aktor Terje Gjertsen avviser at fylkesskattekontoret skal ha forfylgd sykkelpresidenten fordi det under bokettersynet i Trevaren AS var litt høg temperatur mellom partane. Gjertsen er oppteken av å få fram fakta i saka. Og det er at Aarethun, sjølv om han berre driv eit enkeltmannsføretak, har ei rekneskapsplikt på linje med eit aksjeselskap. Ifølgje politiadvokaten var det umogleg for fylkesskattekontoret å få oversikt over aktiviteten i føretaket til Aarethun i perioden frå 1993 til 2001.
Skatterekneskap
Forsvararen til Erik M. Aarethun, Terje Grønn, meiner Sogn tingrett har fått ei ikkje-sak på bordet. Han seier Aarethun har levert tilstrekkeleg rekneskap med unnatak av at han ikkje har ført kassadagbok. Det er eit enkeltmannsføretak der det ikkje er utgifter til anna enn mat og reiser, og han har berre plikt til å føre skatterekneskap, seier han.
Grønn er også overbevist om at delar av saka, det vil seie det Aarethun står tiltalt for i perioden frå 1993 til 1998, er forelda. Uansett kva retten kjem fram til, så har saka så langt vore ei stor belastning for Erik Aarethun - no fryktar han for omdømmet sitt, både som sykkelpresident og næringsdrivande.