- Det var forferdeleg å hamne i vatnet. Då eg kom opp, såg eg at bilen låg på taket, det var berre bakhjula og baklyktene som stakk opp, fortel ho.
Bilen sokk
25 år gamle år gamle Ellinor Kleppenes var på veg til jobb då uhellet skjedde. Ho fortel at ho fekk sleng på bilen like etter ein sving.
- Eg for utfor kanten og ned i sjøen. Bilen min sokk lenger og lenger ned i vatnet. Eg såg at det vart mindre og mindre luft i bilen, for vatnet steig, fortel ho frå sjukesenga ved Førde sentralsjukehus.
Ho ante ikkje kvar i bilen ho var, fordi ho var heilt fortumla. Men til slutt klarte ho å klarte å finne døra og komme seg ut av bilen. - Eg sparka meg opp til overflata. Då eg kom opp var eg heilt inne ved fjøra, seier ho.
Til overvaking
Der stod det allereie folk, og dei ringde til politi og ambulanse. Ellinor slapp uskadd frå uhellet, men vart send til Førde sentralsjukehus for overvaking.
Manglar autovern
No lurer ho på kvifor det ikkje er autovern på staden.
- Det er jo livsfarleg, for det er så mange som får skrens i den svingen uansett kor seint ein køyrer om vintaren. Det er omtrent rett ned, og ein har ikkje ein sjanse til å halde seg på vegen om eine hjulet kjem utanfor vegbana, seier ho.
Ikkje første gong
Og det er ikkje første gong folk har hamna i vatnet på denne staden. Kleppenes meiner at det no må setjast opp eit rekkverk.
- Det er jo ofte slik at det må skje ei ulukke før noko skjer. No har det skjedd fleire, så det er rart at det ikkje er sett opp, seier ho.
Hjartet i halsen
Ho seier at ho sikkert har hjartet i halsen neste gong ho køyrer forbi staden.
- Kanskje eg køyrer ein annan veg den første tida for å sleppe å køyre forbi vatnet, seier ho.
No etterlyser Ellinor Kleppenes autovern på staden. Foto: Jan Nik Hansen, Firda Tidend