Hopp til innhold

- Fører folk bak lyset

- Personane bak planane om ein 45-minuttsregion fører folk bak lyset. Den påstanden kjem no frå Frank Willy Djuvik som er fylkesleiar i Framstegspartiet.

Frank Willy Djuvik

Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik meiner planane om å finansiere 45-minuttsregionen med 500 millionar i bompengar er urealistisk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I går fortalde NRK om korleis næringsselskapa i Flora, Vågsøy og Bremanger meiner nye kystvegen kan realiserast innan 2020. Det vil dei gjere ved å få inn 500 millionar kroner i bompengar.

– Slike planar fører folk bak lyset

Men Djuvik meiner dette er langt frå realistisk. Han er alt anna enn imponert over innhaldet i pressemeldinga som «45-minuttsregionen» sende ut i går.

– Dette vil ikkje la seg gjere før 2020, og det vil truleg ikkje la seg gjere før 2030 heller. Dei fører folk bak lyset i forhold til dette, meiner Djuvik.

Han presiserer at han ikkje er imot planane om å korte ned reisetida mellom Florø og Måløy. Det er forslaget til finansiering som har fått han til å reagere.

– Det kjem med faktiske feil

Personane og næringsselskapa bak 45-minuttsregionen ønskjer å korte ned reisetida mellom Måløy og Florø til 80 minutt ved å oppgradere vegen. Målet er at det skal vere maksimum 45 minutt å køyre mellom dei ulike regionssentra. Til dømes mellom Måløy-Eid, Svelgen-Florø og Florø-Førde.

Djuvik peiker på alle punkta i finansieringsplanen og meiner dei ikkje er realistiske.

– Dei framstiller det som om at viss folk berre godtek bompengar så vil heile dette prosjektet løyse seg. Problemet er at dei tinga dei seie faktisk er feil, seier fylkesleiaren i Framstegspartiet.

Særleg målet om at 500 millionar kan betalast med bompengar får Djuvik til å steile. Han meiner regjeringa aldri vil bidra med 300 millionar i regionbyggingspakke, og viser til at fylkeskommunen sine vegløyvingar er bunde opp i andre prosjekt.

Møter lite forståing for kritikken

Men Alfred Bjørlo, som er pådrivar for 45-minuttsregionen ristar på hovudet av skuldingane.

– Eg stiller meg heilt uforståande til den kritikken, seier Bjørlo.

Han meiner det er merkeleg at Djuvik som representerer Framstegspartiet kjem med slik kritikk.

– FrP er eit parti som gjerne vil vere nøringslivet og innbyggjarane sitt talerør. Då synst eg det er rart å kritisere å snakke stygt om eit prosjekt utan å i ha sett seg inn i kva det handlar om i det heile, seier Bjørlo vidare.

– Det er mogleg

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo i Måløy Vekst, som er ein av pådrivarane for 45-minuttsregionen forstår ikkje kritikken frå Djuvik.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

45-minuttsregionen ligg ikkje inne i nokon av fylkeskommunen sine vegplanar. Bjørlo meiner likevel at rapporten frå Statens Vegvesen viser at dei går god for premissane i den delen av finansieringsplanen som handlar om bompengefinansiering.

–Vi har lagt fram grundige rapportar som dokumenterer at det er fullt mogleg å finansiere så mykje som 500 millionar kroner av vegprosjekt med brukarfinansiering. Og det sjølv om ein føl alle reglar som ligg til grunn for slik finansiering, seier Bjørlo.

- Det å byrje påstå at vi slenger tal ut i lufta synst eg er utruleg synd, avsluttar Bjørlo.

Illustrasjon Kystvegen

Slik ønskjer 45-minuttsregionen å knyte saman arbeidsmarknaden gjennom ein kystveg.