I helga var det samla mykje ungdom i Førde sentrum. Fonn seier at svært mange av desse unge var rusa, og at det var ein del episodar der politiet måtte gripe inn.
No vil han ha foreldra opp av godstolen og ut på gata i helgene. - Mi oppmoding til foreldre er at dei tek seg ein tur til sentrum, det verkar veldig godt, seier Fonn.
Må ta ansvar
- Men er det ikkje politiet sitt ansvar å syte for ro og orden i gatene? - Jau, det er det, men vi meiner at foreldra har eit medansvar for å følgje med, slik at dei unge ikkje får problem. Vi er redde vi kan få det travelt framover om ikkje foreldra følgjer opp borna sine, seier Fonn.