Hopp til innhold

- Fordel at Mowatt har trekt seg

- Det er ein fordel for lokalsjukehusa at Harry Mowatt er ute av Helse Førde-styret, seier leiar Svein Hansen i sjukehusaksjonen i Nordfjord.

Svein Hansen

Leiar Svein Hansen i sjukehusaksjonen i Nordfjord meiner det er ein fordel at Harry Mowatt er ute av Helse Førde-styret.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter at Harry Mowatt trekte seg frå Helse Førde-styret i protest , meiner sjukehusaksjonisten han er kvitt ein av sine argaste motstandarar i kampen for lokalsjukehusa.

LES OGSÅ: - Trasig at Mowatt trekkjer seg

- Det som han står for er i alle fall det motsette av det sjukehusaksjonen står for, seier Hansen.

Gjekk i protest

Mowatt trekte seg fredag i protest mot det han kalla manglande tillit frå Helse Vest-styret . Den tidlegare Hyllestad-ordføraren har fronta eit sterkt sentralsjukehus , og har ikkje avvist at lokalsjukehusa dermed kan forsvinne.

- Vi har høyrt kva Mowatt har sagt i media og vi må vente at same haldninga er den som han refererer også i styrerommet, seier Hansen.

- Blir ikkje lettare

Siv Enerstvedt i Forsvar Lærdal sjukehus trur ikkje deira kamp blir noko lettare med Mowatt ute av spelet.

- Eg har inga tru på at ein person har så stor innverknad på det som skjer i helseføretaka, meiner ho.