Hopp til innhold

- For mykje tvang i psykiatrien

Overlege ved Nordfjord psykiatrisenter, Trond Aarre, er uroa. Noreg ligg på europatoppen i tvangsbruk i psykiatrien. Helse Førde ligg godt an, men tvang skjer også her i fylket.

Hege Orefellen ble hentet av politiet mot sin vilje, men ikke tvangsinnlagt (bilde fra filmen).

Bilete frå Brennpunkt sitt program om psykiatritvang på NRK1 i går.

Foto: Svein Bæren / NRK

- Eg synest det er eit særs stort problem. Å bruke tvang på andre menneske inneber eit veldig omfattande inngrep i personleg fridom.

Det seier overlege ved Nordfjord psykiatrisenter, Trond Aarre.

Helse Førde ligg godt an på landsbasis når det gjeld tvangsbruk, men ei undersøking frå 2006 syner at også her i fylket kunne innleggingar vore unngått.

Undersøkinga med pasientar frå Nordfjord, synte at 1 av 10 pasientar i ein åtte månaders periode ikkje hadde trengd akuttbehandling.

Det er uvisst i kor mange av dei 38 tilfella det faktisk vart brukt tvang.

Noreg dårlegast i klassen

I tv-programmet Brennpunkt på NRK1 mandag , kom det fram at kvar fjerde pasient som vert tvangsinnlagt, vert registrert som frivilleg innlagt.

Grunna forskjellige registreringsmetodar, er tala vanskelege å samanlikne. Men alt tyder på at slike tal gjer Noreg til ein versting i europeisk samanheng.

- Heilt forferdeleg

I Brennpunkt fortalde Kristina Stenlund Jensen om sitt møte med tvangen i psykiatrien. Om ein kvardag på flukt frå politiet som ville tvangsinnlegge henne på ein psykiatrisk institusjon.

- Det går ikkje an å behandle folk sånn! Ein kan ikkje meine at slik behandling på nokon som helst slags måte skal gjere nokon betre?

Og ho er ikkje åleine. Årleg vert heile 10000 nordmenn innlagde med tvang.

Legevakt er ei utfordring

Trond Aarre

Trond Aarre, overlege ved Nordfjord psykiatrisenter.

Foto: Helse Førde

- Det er eit problem at mange som blir innlagde, kjem inn på legevakta, til legar dei ikkje kjenner frå før. Dette trur vi driv ein del av innleggingane.

Det seier Trond Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter.

Han fortel vidare at Helse Førde er blant dei flinkaste i landet når det gjeld talet på tvangsinnleggingar og døgnopphald. Men det gjenstår ein del arbeid i samarbeidet mellom legevakt og psykiatri.

- Det å betre kunne bistå legevaktslegane, og ikkje minst ha tilgjengeleg tilbod også ved eit vanleg kontor, må vere ganske viktig.

Må ta lærdom

Gunvald Ludvigsen

Stortingsrepresentant for Venstre, Gunvald Ludvigsen, etterlyser ny handlingsplan for psykiatrien.

Foto: NRK

Trond Aarre får støtte frå Stortingrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

Partiet føresler no ein handlingsplan for korleis ein skal få ned tvangsbruken der ein tek lærdom av korleis institusjonane som har fått ned tvangsbruken har klart det.

Ludvigsen meiner ein må ta tak i dei store skilnadane på landsbasis.

- Der er jo nokre stadar som har betydeleg mindre bruk på tvang enn andre stadar. Så her har ein ikkje tatt lærdom av dei beste.