Hopp til innhold

- For mange fylkesbarometer

To næringsbarometer for Sogn og Fjordane blir i meste laget for redaktøren i Sogn Avis. - Dei fortel stort sett det same, seier Jan Inge Fardal.

Jan Inge Fardal
Foto: NRK

- Eg har samanlikna og kom fram til at det stort sett er den same bodskapen no som i januar, og då finn eg grunn til å stilla spørsmålet om me treng to næringsbarometer i året med så kort intervall, seier Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis.

Sparebanken Sogn og Fjordane starta opp sitt fylkesbarometer i 2002. Formålet var å syne korleis det gjekk med næringsliv og samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane. I 2005 følgde Innovasjon Norge, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane etter med sitt næringsbarometer for Hordaland og Sogn og Fjordane.

- For ofte


Sparebanken Sogn og Fjordane sitt fylkesbarometer vart lagt på is i 2007, men vart lagt fram att i januar 2011. Fem månader seinare kom næringsbarometeret sin årlege presentasjon, utan at Fardal kunne sjå at det kom fram noko nytt.
- Eg seier ikkje at ein ikkje skal driva med dette her. Eg trur det er viktig at ein gjer det, men det er noko med proporsjonane, mengda og nytteverdien her. Det eg spør om er om det går an å få dokumentert kva nytte me har av å dette og kor ofte me treng det.

Kostbart

Den stipulerte kostnaden for næringsbarometeret då det starta opp i 2005 var 1,3 millionar i året. I torsdagens leiarartikkel i Sogn Avis legg Fardal saman og kjem fram til at det har vore brukt åtte millionar kroner på å utarbeide barometeret sidan det starta opp. Han stiller spørsmålet om desse midlane kunne vore brukt til noko anna.

- Det skjer ikkje så veldig dramatiske ting som skjer i næringslivet i Sogn og Fjordane. Me ligg litt etter andre. Ein kan spørje seg om eit slikt barometer kan løfte oss opp frå det, men eg trur ikkje det. Eg trur det er nok med eit slikt barometer ein gong i året.

- Nyttig verktøy

Nils R. Sandal seier at han som fylkesordførar har hatt stor nytte av næringsbarometeret, men helsar ein debatt om kor hyppig det skal presenterast velkommen.

- Det kan nok hende at det barometeret som kom for ei stund sidan viste ein tendens og at den tendensen stort sett er den same no. Vi må ikkje vore så kritiske at vi ikkje tykkjer det er fint å få nokre signal frå næringslivet sjølv om at det tek til å gå rette vegen. Hadde signala gått den andre vegen ville nok diskusjonen gått på korleis vi skulle snu denne trenden, så eg trur nok det har ein verdi. Men kor ofte vi skal ha det er ein debatt vi må ha, seier Sandal.
Han er også villig til å sjå på det offentlege sin ressursbruk.

- Det er fleire partar som er med i dette her og det kostar nok ein del. Det må vere med i vurderinga om kor ofte vi skal presentere det.