Hopp til innhold

- For lite fokus på psykisk helse

Lærarar i vidaregåande skule tykkjer det er vanskeleg å finne tid til å fokusere på psykisk helse, trass i at det er eit satsingsområde i fylket.

Depresjon og angst
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det kjem fram av ein rapport utarbeida av fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Leiar for Mental Helse Sogn og Fjordane, Gerd Bjørkedal, seier dette er uheldig og at skulane må sjå verdien i det førebyggjande arbeidet.

Satsingsfylket for psykisk helse

I 2007 og 2008 har Sogn og Fjordane vore satsingsfylke for psykisk helse i skulen. Målet har vore å auke kompetansen blandt dei som arbeider med ungdom i vidaregåande skule.

Astrid Tveit hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier at det er stor interesse for temaet i skulen, men at det er ei utfordring for læarane å fylgje opp arbeidet.