Helsesjef Helga Karin Bakken i Sogndal Kommune er einig i at systema ikkje er gode nok. - Når det kjem nye folk til Sogndal kommune, eller når dei reiser her i frå, så er ikkje systema våre gode nok, seier ho.
Den fryktelege sjukdomen tuberkulose, som lenge har vore bortimot utrydda i Norge, er dessverre utbredt blant innvandrarar. Fylkeslegen har difor undersøkt rutinane som ein del kommunar har i oppfølginga av tuberkulose smitta asylsøkjarar og flyktningar.
For dårleg informasjonsflyt
Sogndal Kommune får beskjed om å bli flinkare til å innhente informasjon frå mottaket som ein flyktning kjem frå. På same tid er dei for dårlege til å informere andre kommunar når ein tuberkulosesmitta blir sendt vidare. Bakken er usikker på årsaka til rutinesvikten. - Det kan vere forskriftene som er uklare, eller det kan vere vi som ikkje er gode nok. Og vi skal sjølvsagt sjå på oss sjølve, seier ho
Men Bakken meiner dei har kontroll over situasjonen. - Vi har eit helsetilbod til alle som kjem hit, så vi har kontroll på om folk har tuberkulose eller ikkje. Men når ein asylant kjem frå transittmottaket til asylmottak har vi ikkje eit godt nok system. Men å seie at vi ikkje har kontroll er å dra det alt for langt, seier ho.