Hopp til innhold

- For dårleg satsing på rusomsorg

Regjeringa brukar for lite pengar på rusomsorg, meiner leiar i Høgre, Erna Solberg. Etterverngruppa i Sogn og Fjordane fryktar alvorlege konsekvensar.

Erna Solberg
Foto: NRK

Erna Solberg vitja i går den planlagde rusposten på Nordfjordeid som er sett på vent . No seier Solberg at ho vil undersøkje kvifor ikkje rusposten opnar til hausten slik planen var, når regjeringa har sagt at rusomsorg er eit satsingsområde.

- Vi skal undersøkje kor ansvaret ligg, og kva som er årsaka til det. Eg kan ikkje gå inn i detaljstyring så langt inn i helseføretaka, men vi vil sjå om det vil seie at vi treng å styrke rusomsorga meir i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, seier Erna Solberg.

Fryktar konsekvensar

Med på synfaringa var også Kari Margrete Rønning i rusettervernet i fylket. Ho synest det er trist at posten vert utsett.

- Dette er eit tilbod for dei mellom 18 og 35 år. Dei er i ein fase av livet der dei skal ha framtida føre seg. Dei skal tenke på jobb, familie og arbeid.

Ho fryktar at ei utsetjing av rusposten kan få alvorlege følgjer.

- Det er ei brukargruppe som brukar ein del tunge stoff, og vi har ein del dødsfall i den aldersgruppa som følgje av overdose. Eg er redd for at folk kan dø som følgje av skuffinga over å ikkje få kome inn i haust. Det kan skje uansett, det veit vi ikkje, men eg er redd moglegheita for fleire dødsfall er til stades.


Ruspost i Høyanger

Helse Vest har løyvd 12 millionar kroner til Helse Førde for auka satsing på rusposten på Tronvik i Høyanger. Det skal gje pasientane eit betre tilbod i fylket slik at færre må reise vekk for å få behandling.

Rønning er svært glad for denne satsinga, men synest likevel ikkje det er haldbart at rusposten på Nordfjordeid vert ståande tom i månader.

-Treng kraftfull satsing

Erna Solberg meiner det er naudsynt med ei større satsing på rusomsorg.

- Vi har hatt ei utfordring med for lite pengar til rusomsorga dei siste åra. Regjeringa har gjort det betre i år samanlikna med dei tre første åra i regjering. Då blei tempoet med å bygge opp rusinstitusjonar i Noreg satt ned, sjølv om rusproblema auka betydeleg.

Kari Margrete Rønning håpar at noko vil skje.

- For pårørande blir det berre endå fleire månader med bekymringar, og uro for om ungane våre vil overleve ein månad til.