Nils Myklebust. Foto: NRK
Då det gamle NMT-systemet vart lagt ned for to år sidan, lova Telenor sterk oppgradering av GSM-nettet.
- Men GSM-sendarane er framleis alt for dårlege, seier leiar Nils Myklebust.
Meir krevjande system
Overgangen frå NMT, eller 450-systemet innan mobiltelefonsambandet, var lenge sett på med skepsis frå fiskarhald. GSM med sine rett framgåande signal er i utgangspunktet eit meir krevjande system når det gjeld antenner og sendenett. Og fiskarlaget her i fylket meiner at det er mykje som manglar på ei fullgod GSM-utbygging her på kysten.
Store praktiske vanskar
Alle fiskebåtar er pålagde VHF-samband over kystradionettet. Sikkerhetsmessig har mangelfull mobildekning difor større betydning for lystbåtar og andre mindre båtar utan VHF. Men fiskeflåten har også store praktiske vanskar med naudsynt kommunikasjon.
- Det er kapasitetsproblem. Når det er mange båtar, greier ikkje nettet å ta imot samtalane som kjem og så bryt nettet saman, seier Myklebust.
- Telenor sitt ansvar
Han meiner at dette er Telenor sitt ansvar fordi dei sit på ein konsesjon der dei skal dekke mobilnettet.
- Dei tok på seg det ansvaret då dei skrudde ned 450-systemet. Dei sa at det nye systemet skulle bli veldig bra. Men eg meiner at dei har ikkje oppfylt lovnadane sine. Og dei har vedgått at dei ikkje har gjort jobben godt nok, seier han.