Hopp til innhold

- Folk får dårlegare legetilbod

- Innbyggjarane vil få eit dårlegare tilbod når det nye legevaktsamarbeidet i Sunnfjord og Sogn tek til i april.

Lege
Foto: Ill.foto: / NRK

Det meiner Jostein Melheim som representerer dei store pasientorganisasjonane.

- Mange vil oppleve å bli usikre og nokre blir kanskje redde fordi avstandane blir lange og lurer på kor fort dei kan få hjelp.

Ein lege - 33.000 innbyggarar

For etter planen skal 33 000 innbyggjarar i Sunnfjord og Ytre Sogn dele på éin lege på kveld, nattestid og i helgane, og vegen til lege vil bil lang for mange.

Rett før jul sa politikarane i ni kommunar ja til å delta i den felles legevaktordninga. Legen skal vere stasjonert på sjukehuset i Førde - for innbyggjarar i Balestrand og Askvoll betyr det ein og ein halv time reisetid til lege.

- Blir skremd

Det skremmer Melheim som representerer 40 pasientgrupper i Sogn og Fjordane.

- Den største innvendinga mi er at eg trur kapasiteten blir for liten. Og at det blir for mange med smerte som må reise langt eller kanskje får hjelp for seint.

Trur på kvalitetsheving

Fagdirektør Hans Johan Breidablikk i Helse Førde ser utfordringane med geografien og store avstandar.

- Likevel er det gjort vurderingar som tilseier at dette skal bli ei kvalitetsheving.

Ei felles legevakt skal sikre stabil og god legedekning i distrikta, ved at det vert mindre vaktbelastning. Breidablikk meiner det vil vere ein fordel for kronisk sjuke pasientar at faste legar kan komme på planlagde besøk på dagtid.

Og han meiner lengre reisetid vert kompensert med at pasientar slepp å vente på legen.

- Målet er å ikkje ha noko ventetid, men det er klart at i periodar kan ein rekne med ventetid.

- Store utfordringar

Etter planen skal ei felles legevakt skal vere på plass 1. april. Men fleire detaljar må på plass, og då ynskjer pasientorganisasjonane å ha eit ord med i laget.

- Eldre folk, kronikarar, store avstandar og vanskeleg kommunikasjon blir til saman store utfordringar, meiner Melheim.