Hopp til innhold

- Fødestova i Lærdal er ikkje freda

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, kan ikkje sjå noko i Soria Moria 2 som tilseier at sjukehustilbod blir fredag.

Clara Øberg

Clara Øberg er styreleiar i Helse Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øberg tolkar regjeringsplattforma som at kvalitet er viktigare enn plassering.

- Slik eg tolkar Soria Moria 2, så er ein veldig opptekne av god kvalitet og gode pasienttilbod. Men ein fredar ikkje, seier ho.

Ulik tolking

I Soria Moria 2 sler fast at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, men styreleiaren har ei anna oppfatning enn fylkesleiar Knut M. Olsen i Senterpartiet, kva den har å seie for akutt- og fødetilbod.

- Når det gjeld akuttilbod og fødetilbod, så skal det ligge fast, seier han.

- Nei, dei seier at slike funksjonar ikkje skal vere alle stadar, men at det skal vere rimeleg nærleik til det, svarar Øberg.

Ingenting er freda

Styreleiaren i Helse Førde finn ikkje noko i regjeringsplattforma som seier at ikkje noko er freda.

- Eg tolkar det ikkje slik at noko blir redda. Men regjeringa seier at dei vil ha gode helsetetilbod for alle som bur i landet. Og korleis ein skal definere gode helsetenester og nærleik til helsetenestene, og at ein satsar på rette pasientgruppene, seier ho.

Vurderer funksjonar

Det har den siste tida storma kring den utvida fødestova i Lærdal. Det blir hevda at Helse Førde kan spare fleire millionar kroner ved å legge ned avdelinga . I tillegg til at fleire gravide kvinner i Indre Sogn vel vekk Lærdal når dei skal føde . No har styret i Helse Førde sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på ulike funksjonar innan helsetilbodet i fylket. Styret må kutte i kostnadane. Konklusjonane skal kome til desembermøte.

- Den arbeidsgruppa vil konkludere på desembermøte. Men eg vil påpeike at kvalitet blir viktigare enn beliggenheit, seier ho.