Hopp til innhold

- Fødestova fungerer godt

Helse Førde meiner den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus i dag fungerer tilfredsstillande.

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

Nasjonalt råd for fødselsomsorg sa forrige veke at dei ikkje vil gå god for det faglege tilbodet ved den forsterka fødestova i Lærdal.

- Fungerer slik den skal

Men fagdirektør Bjarne Straume meiner at fødetilbodet i Indre Sogn no fungerer etter intensjonen.

- Det betyr at fødestova fungerer godt og slik den skal, seier han.

Kritikk frå Nasjonalt Råd

Nasjonalt Råd for fødselsomsorg har trekt seg ut av fødestoveprosjektet ved Lærdal sjukehus. I eit brev skriv rådet at den forsterka fødestova blir drive som om det framleis skulle vere ei fødeavdeling, og at fleire kvinner ikkje er sende vidare, trass fare for komplikasjonar. Rådet meiner ein anten må legge om til ei rein fødestove eller legge ned heile fødetenesta ved Lærdal sjukehus.

- Mange tiltak har betra konseptet

- Men vi skal vere klar over at avgjerda deira byggjer på ein rapport om drifta fram til slutten av 2005. Det er gjort mange tiltak for å betre konseptet i løpet av dette året. Det har dei tilsette i Lærdal gjort i samarbeid med ansvarshavande på Førde Sentralsjukehus, Agnethe Dissing, seier Bjarne Straume.

- Vi har hatt litt problem med å få fødestova og med å få aksept for modellen, men no meiner vi at vi har klart å få den til å fungere slik styresmaktene har sagt at ein slik modell skal fungere, og det er vi svært nøgde med, seier fagdirektøren i Helse Førde.

Vil ikkje kommentere kritikken

Straume vil ikkje gå inn på rapporten som Nasjonalt Råd for fødselsomsorg byggjer på, og der det mellom anna blir reist kritikk fordi fødestova i Lærdal skal ha lete vere å sende vidare fødande som skulle ha vore på ei førdeavdling og ikkje på ei fødestove.

- Dette skal vi først gi Nasjonalt råd svar på, seier han.