Av Per Kristian Grimeland og Kjell Arvid Stølen
Florø. Arkivfoto Frank Tangen
Han meiner kystbyen har fått for lite pengar, og vil no ha eit møte med fylkeskommunen. - Vi er ute etter å få ein dialog med fylkeskommunen, slik at vi kan få ei større løyving, seier Nygård. Han hevdar dei går glipp av kring 100 nye arbeidsplassar som kunne vore etablerte i kommunen dei komande åra.
For tidleg å avlyse krisa
For omstillingsstyret hadde i utgangspunktet søkt om 12 millionar kroner, men har berre fått fem millionar, og då er 500.000 kr til drifta av Flora Næringshage innkludert. Dette meiner Nygård er svært beklageleg i ein periode der arbeidet med utvikling og omstilling er inne i ein viktig fase og at det har vist seg at dei midlane som allereie er tildelte har verka. - Det går betre i Florø, og det er veldig bra, men eg trur ikkje vi skal avlyse den krisa som råka oss i 2003 enno. Vi treng nye bedrifter i tida framover, seier Hallgeir Nygård.
Mål: 1000 nye arbeidsplassar
Då Sunnfjord 2020 vart etablert for to år sidan, var det for å skape nye arbeidsplassar til erstatning for dei mange som forsvann i regionen. Målet var 1000 nye arbeidsplassar innan år 2020. No fryktar Nygård at dei skal gå glipp av rundt 100 nye arbeidsplassar.
Nils R. Sandal. Arkivfoto Kjell Arvid Stølen NRK
- Innstilte på å hjelpe
- 100 arbeidsplassar er mykje dersom det er tilfelle, seier fylkesordførar Nils R. Sandal, som forstår uroa i Sunnfjord 2020. - Vi kunne gjerne sett at vi hadde brukt meir pengar, og det er ein situasjon vi vil diskutere med dei. Vi er innstilte på å hjelpe Flora vidare, seier Sandal.