- Flaks at vi overlevde eksplosjon

- Berre flaks at vi overlevde, seier Jarle Halsvik i Vest Tank. Saman med fleire kollegaer sat han i ei brakke rett attmed eine tanken då den eksploderte.

Tankeksplosjon i Sløvåg.

I denne brakka sat Jarle Halsvik då eine tanken eksploderte. Den eine av dei to øydelagde tankane ligg samansmelta på berget til høgre for brakka.

Foto: Steinar Lote / NRK

Halsvik skjønte fort kva som skjedde då det kom eit kraftig smell og heile brakka rista. Karane skjønte at dei ikkje hadde anna val enn å kome seg bort.

- Vi var på veg ut då det kom ein ny smell. Vi stoppa opp og viste ikkje kva vi skulle gjere. Men vi fann ut av det var best å springe vekk så fort vi kunne, fortel Halsvik.

Frykta det verste

Han er tydeleg prega av den svært skremmande opplevinga. Ei stund visste han heller ikkje om kollegane vart skadde i eksplosjonane. To av dei var berre 8-10 meter frå den eine tanken - bak ein betongmur.

- Eg frykta det verste, men heldigvis sprang dei fortare enn oss, fortel Halsvik.

Sterkt prega

Han seier at kollegaene berre eit par minuttar tidlegare hadde vore på innsida av muren. Då hadde det garantert gått gale.

- Det er ikkje heilt gått innpå meg. Eg tenkjer sjølvsagt på kva som kunne ha skjedd, seier Halsvik, som har teke seg fri på fredag for å fordøye dei sterke inntrykka.

Skumla tank

Torsdag kveld var brannmannskapa framleis i sving på branntomta. Den eine av dei to skadde tankane heldt framleis høg temperatur og den måtte difor kjølast ned med skum.

Derimot kunne lensmann Henry Indrebø i Gulen opplyse at dei hadde fått tetta lekkasjen av boreslam frå ein tredje tank som vart skadd i eksplosjonen.

- Det er lite som har leke ut. Kystverker har sjekk og det har ikkje leke ut noko i sjøen, seier Indrebø.

Fredag får politiet i Gulen hjelp av kriminalteknikarar frå Hordaland og fagfolk frå direktoratet for bedredskap og samfunnstryggleik.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.