- Om dei i verste fall vert gassa, vil flaggermusene kome igjen neste år viss det er ein fin plass med mykje insekt. Så det er ikkje noko permanent løysing. Løysinga er dels bygnisk tekniske tiltak eller å lufte ut dritlukta og så la dei vere i fred, seier han.
Kan søke fellingsløyve
I går høyrde vi om familien Rygg på Sandane som sleit med at dei små flygande nattdyra hadde teke bustad på loftet deira. Fordi dyra er freda har ekteparet fått beskjed om at dei må skifte ut taket om dei vil bli kvitt dei ubodne gjestane. Eit arbeid som vil kome på 250.000 kroner. Joranger hjå Fylkesmannen seier at dei gjerne må søke om fellingsløyve, sjølv om han ikkje kan hugse at det har vorte gjort før.
Anbefalar utesperring
Jordanger seier at flaggermus gjer lite skade, og legg vekt på at dei er effektive insektfjernarar sidan dyra et opp i 3000 insekt i døgeret. Gassing meiner han i alle høve er ei dårleg løysing. Lukta av rotnande dyr vil vere verre enn lukta av flaggermuslorten. Og å skifte tak tviler han på kan vere naudsynt. Han anbefaler folk å sperre dyra ute.
- Viss det er moderne hus med tette tak, skal det ikkje så mykje til å sette flugenetting på dei hòla som er, seier han.