Hopp til innhold

- Fjordhesten er tjukk og lat

Fjordhesten har eit alvorleg omdømeproblem. Den vert rekna som tjukk og lat og no er faren for innavl blitt endå større.

Video Fjordhesten døyr ut i Norge

DØYR UT: Fjordhesten døyr ut i Norge, men vert stadig meir populær i utlandet. Sjå tv-saka frå 9. mai i år.

Fjordhesten har lenge blitt rekna som utryddingstruga og i år vert det berre fødd 200 fjordhestføl i Norge. Ei doktorgradsavhandling syner no at fjordingen har eit omdømeproblem og at mange ser på hesten som både tjukk og lat.

Fjordhesten er ein av nasjonalhestane og doktorgradsstipendiaten meiner ein for alvor må marknadsføre hesten for å berge framtida, skriv avisa Firda.

– Rasen vil nok ikkje døy ut neste halvår, men det er viktig at noko vert gjort, seier Hanne Fjerdingby Olsen til avisa.

Vert fødd stadig færre fjordingar

Doktorgradsstipendiaten ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås meiner framtida til fjordhesten er dyster. I mange år har talet på fødde fjordhestar gått kraftig ned, men i det siste har utviklinga gått særleg raskt nedover. Det uroar også fjordhestmiljøet.

– Bedekningstala har gått endå raskare nedover enn det vi har frykta, og det er noko vi uroar oss for, seier Gunnar Bruland som nestleiar i Norges Fjordhestlag til NRK.no.

I 1990 vart det fødd om lag 400 fjordhestar i Norge, medan talet i 2007 var halvert skriv Firda.

– Vert nærast gitt vekk

Gunnar Bruland

UROA: Gunnar Bruland er er nestleiar i Norges Fjordhestlag.

Foto: Anna Gytri / NRK

At marknaden for hestesal er svært pressa gjer at mange fjordingar vert selde på billegsal.

– Det er generelt veldig dårlege vilkår for hest for tida. På finn.no er det side opp og side ned med hestar som nærast vert gitt vekk, seier Nina Erichsen som driv helsetilbodet «Inn på tunet» til Firda.

Både Bruland og Erichsen meiner det er fleire grunnar til at fjordingane no går på billegsal. Dei viser mellom anna til at folk veit for lite om fjordhesten. Mellom anna trur folk at den er tung og treig som arbeidshest.

Kan gå utover fruktbarheita

Eit anna problem er at det er få som avlar fram hesten, skriv avisa Firda.

Bruland er særleg uroa for at innavl skal bli ein stort problem.

– Til dømes har det blitt færre bønder og færre som avlar fram fjordhestar. Eg fryktar at problemet med innavl kan bli langt større i åra som kjem, seier Bruland til NRK.no.

I verste fall kan innavlsproblematikken føre til at fjordhesten ikkje lenger er fruktbar.

Skrikande behov for marknadsføring

Også i doktorgradsavhandlinga trekk ein fram alvoret i at det vert fødd svært få fjordhestar. Skal ein snu den dystre utviklinga må ein gjere noko med omdømet.

– Det er viktig at fjordhesten marknadsfører seg innan eit område som skil han frå alle dei andre hestane. Ein må trekkje fram raseeigenskapane, seier Fjerdingby Olsen til Firda.

  • LES OGSÅ:

Vurderer reklamefilm

Bruland er ikkje tung å be når NRK spør kva som er dei positive eigenskapane til fjordhesten.

– Eg kunne heldt på veldig lenge, så eg får ta det i stikkordsform. Det er ein triveleg hest av passe storleik. Den er nøysam, frisk, allsidig og kan brukast av både nybegynnarar og meir erfarne ryttarar. Den er sjarmerande og flott, seier Bruland.

Han vil no for alvor ta tak i omdømeproblemet til hesten og vurderer no å lage ein reklamefilm for å fortelje folk om den fantastiske hesterasen.

– Hadde vi kome i kontakt med nokon på ei medielinje eller nokon som driv med film, kunne det kanskje vore noko. Ein må starte å tenkje litt nytt, seier Bruland til Firda.