I dag er det fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som eig Fjord1.
- At selskapet vann anbodet på dei store ferjesambanda Halhjem - Sandvikvåg i Hordaland og Mortavika - Arsvågen i Rogaland i ti år frå 2007, betyr ein ny kvardag, seier Skartun. For dette medfører at sjøaktiviteten aukar med 25 prosent i Fjord1.
Ny vurdering
Fjord1-styreleiar Jarle Skartun meiner dei no må vurdere å omorganisere storselskapet. (Foto: NRK)
Denne store endringa fører altså til at alt frå eigarforhold til samarbeidspartnarar no vert vurdert på nytt. Mykje vert no stilt i eit nytt lys, mellom anna samanslåingsplanane mellom Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkesbåtar, MRF. Desse planane kan no bli lagt på is.
Peikepinn i november
Og ein vil nok ha ein meir konkret peikepinn på kvar vegen går for Fjord1 etter styremøtet som finn stad den 15. november. Det som allereie no er sikkert er at framtidsplanane til selskapet skal revurderast.