Hopp til innhold

- Fjord1 må få kompensasjon

Framstegspartiet meiner Fjord1 må få kompensert tapet dei vil få på den differensierte arbeidsgjevaravgifta frå nyttår.

Frå ferjekaien på Fodnes

Fredag vart det kjent at konkurrenten Veolia kan spare millionar på ordninga. Stortingsrepresentant Åge Starheim seier det vil vere alvorlig for Fjord1.

- Når ein startar med  så stort handikapp blir det fryktetleg vanskeleg å konkurrere.

Gunstig for Veolia

Fredag fortalde NRK at den differensierte arbeidsgjevaravgifta kan slå svært godt ut for ein av dei største konkurrentane til Fjord 1 frå årsskiftet. Slik systemet er i dag betalar verksemdene avgifta med utgangspunkt i kvar den tilsette jobbar. Endringa frå årsskiftet er at ein betalar avgifta etter kvar selskapet har adresse, og Finnmark blir det einaste fylket ein ikkje betalar arbeidsgjevaravgift frå.

Gjennom eit dotterselskap har altså Veolia, som ein av dei største konkurrentane til Fjord 1, adresse i Finnmark. Det var dette selskapet som hadde det lågaste anbodet på å få drive ferjestrekningane Mannheller-Fodnes og Dragsvik-Hella-Vangsnes frå 2008. Dermed vinn dei også mest truleg anbodskampen.

- Urimeleg

Starheim seier det er urimeleg at ordninga skal verke konkurransevridande. Han meiner løysinga er å gje Fjord 1 og andre selskap kompensasjon for det dei eventuelt vil tape på ordninga.

- Då må ein syte for ein kompensasjon nslik at dei startar på lik fot med dei andre.

Uansett vil bedrifter i Sogn og Fjordane ved årskiftet bli tvinga til å betale mellom 10,6 og 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift. Starheim fryktar Fjord 1 skal tape viktige kontraktar som følgje av ordninga.

Sp vil ha lovendring

Men forslaget om kompensasjon får ikkje støtte frå regjeringspartiet Senterpartiet. Stortingsrepresentant Erling Sande seier dei vil sjå om det er mogeleg å gjere endringar i ordninga. Han seier det er viktig å endre på ordninga dersom den vil gje enkelte verksemder konkurransefordeler.

- Er det slik at regelverket gir urimelege utslag, må vi endre det slik at ordninga fungerer etter intensjonen.