Hopp til innhold

- Fjord 1 har gjort det vi har kunne gjere

Folk som skulle ta ferje mellom Mannheller og Fodnes søndag enda opp med å vente to timar i kø. Billistane er overraska over at det berre gjekk ei ferje på føremiddagen.

Ferjekø på Mannheller

VENTA LENGE: Det var ikkje mykje anna å ta seg til enn å vente på ferjekaia søndag.

Foto: Bente Øien Hauge

– Vi har gjort det vi har kunna for å få unna køen heile søndag, men når vi får tekniske problem vert det vanskeleg, seier vakthavande i Fjord 1, Torbjørn Vik.

B-ferja ute medan køen vaks

Ferjekø på Mannheller

HOPA SEG OPP: Når det først vert kø. vert det gjerne lang kø. Fleire valde å køyre andre vegar då dei forsto at dei vart ståande bom fast på ferjekaia søndag.

Foto: Bente Øien Hauge

I helga har det vore Lerum-cup i Sogndal, og det er kanskje denne søndagen det er størst trafikk på ferja mellom Mannheller og Fodnes. Fjord 1 meinte dei var klare til å ta imot alle dei reisande, men problema starta tidleg på dagen.

– Vi fekk tekniske problem med ei av ferjene, og dermed måtte vi ta den ut av drift, forklarer Vik.

Og medan Fjord 1 arbeidde med å finne ei løysing, vaks problemet. For jo lenger ut på søndag føremiddag det vart, jo lenger vart køen av bilar. Den var faktisk så lang at dei siste bilane stod ved Kaupanger.

To timar å vente

Ferjekø

VENTA: Ingen grunn til å haste med billettane når det er to timar kø.

Foto: Sissel Rikkheim

Ei ferje som låg i Lærdal skulle bli redninga. Men problemet var at den måtte kome seg til staden. Og dermed vaks køen endå meir.

– Det var opp mot to timar ventetid, og vi forstår at det er kjedeleg, seier Vik.

Men ved halv nitida søndag kveld var køen vekk, og Fjord 1 meiner dei no er budde på sommartrafikken.

– Ja, vi har alle dei ferjene vi skal ha på sambandet, og skal kunne ta unna trafikken.