NRK Meny
Normal

- Eit adrenalinkick utan like å vere med i fitness-konkurranse

Ingeborg Sol Fure frå Førde vart fitnessutøvar på rekordtid, men ho vil ikkje tilrå andre jenter å gjere det same.

Montasje Ingeborg Sol Fure

SAME JENTA: Ingeborg Sol Fure til kvardags og under fitness-konkurranse.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Dieter Schneider

Ho er tobarnsmor og er trenar på treningssenteret Spenst. I fjor sette ho seg eit ambisiøst mål: Ho skulle bli fitnessutøvar i løpet av ti veker. Det enda med at ho vart nummer ni av 16 deltakarar i Norway Open.

Men det kosta. Det låg beinhard trening og mykje forsaking bak resultatet, og ho vil ikkje rå andre jenter til å sette i gang.

– Nei, eg tilrår folk å trene styrke og kose seg med god og sunn mat. Dersom du vil ha ei skikkeleg utfording, så kan du gjere det, men du må vite kva du gjer, for det er knallhardt. Å trene seg opp til ein fitness-konkurranse er ekstremt.

Ingeborg Sol Fure

- I EI SLAGS BOBLE: Slik ser ho ut når det er konkurranse.

Foto: Dieter Schneider

Tappar kroppen for vatn

Dagen etter konkurransen i fjor gjekk ho opp fire kilo i vekt.

– For det du gjer siste veka før konkurransen er å tappe kroppen for vatn for å få fram alle definisjonane, difor er ein nokre kilo lettare på scena enn nokre dagar før og etter. Sixpacken er borte etter to dagar.

– Adrenalinkick utan sidestykke

Men sjølv vil ho stille opp i fitness-konkurransen ein gong til og dermed utsette seg for det blodslitet det inneber.

– Fordi det var vanvittig kult. Det var eit adrenalinkick utan sidestykke å stå på den scena og faktsk ha oppnådd målet mitt. Eg hadde eigentleg sagt at det skulle skje ein gong og ikkje meir, men det var så kult at eg var nøydd til å gjere det ein gong til.

No har ho vore på diett i seks veker.

– Det var litt kjipt i starten, men no har eg kome inn i rutinane, så no går det fint. Blir det ikkje verre enn dette så skal det gå knallbra. Det er tunge dagar innimellom, men eg tek ut sutringa i bloggen min.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ingeborg Sol Fure

- ET SUNT OG GODT: Ingeborg Sol Fure meiner styrketrening og sunt kosthald er viktig.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berre ein periode

– Kva skjer inni hovudet ditt når du held på med dette?

– For min del får eg ein ekstra motivasjon når eg ser at eg greier å forandre kroppen min ved å trene styrke og ete rett.

Ingeborg fortel at konkurransen er ytterpunktet i det ho driv med.

– I resten av året trenar eg hard styrke og et sunt og godt og nok. Å gå på diett fram mot konkurranse er noko eg berre gjer i ein periode.

I konkurranse er målet å få vekk mest mogeleg av kroppsfeittet, slik at musklane blir svært tydelege.

– Resten av året ser eg heilt vanleg ut, godt trent, men utan å vere syltynn, slik eg er på scena.

– Ei slags boble

Ingeborg Sol Fure seier ho ikkje stiller opp i fitness-konkurranse for å vise seg fram. For henne handlar det mest om kjensla av å lukkast når ein set seg hårete mål.

– Det er ei slags boble, ein illusjon. Alle jenter har vel drøymt om å vere prinsesse for ein dag. Eg synest det er vanvittig kult å sette seg eit uoppnåeleg mål og faktisk nå det.

Ho har tidlegare hatt spiseforstyrrelsar, og ho vil ikkje tilrå at dei som har hatt slike plager skal satse på fitness utan å vite kva dei gjer.

Sjølv om Ingeborg rår andre frå å satse på fitness-konkurransar så synest ho at trenden med å trene opp kroppen er bra.

– Det er ein bra trend, for det er sunt å trene og sunt å ha eit godt kosthald. Alt kan overdrivast, og det vil alltid vere nokon som det bikkar over for, men generelt er det godt og sunt å trene.

Sjølv meiner ho at det ikkje har bikka over for henne.

– Eg har eit sosialt liv utanom, og eg har andre interesser enn trening. Eg veit kva eg driv med, og eg prøver å ha eit avabalansert forhold mellom treninga og resten av livet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.