Fiskeriminister Svein Ludvigsen presenterte i går forslaga frå det statlege utvalet som har arbeidd for å finne tiltak som skal betre lønsemda i fiskeindustrien. Reidar Nilsen har ikkje finlest forslaga, men det han har fått med seg så langt, likar han dårleg. Som at fiskesalslaga ikkje lenger skal ha einerett til førstehandsomsetnad av fisken. - Kven andre er det som da skal bestemme prisen for produktet som vi som fiskarar skal selje, lurer Nilsen på. Vi må jo sjølv få vere med å bestemme prisen på produktet vårt, meiner han.
Redd for utanlandske eigarar
Og Nilsen er ikkje meir begeistra for forslaget om at industrien skal få eige fiskefartøy på lik linje med fiskarane. Han er redd for at dette vil opne for at utanlandske eigarar kan vere på full fart inn og eige fiskeflåten i Norge.
-Må ordne opp sjølv
Leiaren i Norges Fiskarlag, som sjølvsagt er oppteken av fiskarane sitt vel og ve, meiner at industrien heller bør ordne opp i eigne rekker. - I pelagisk er det bygd opp ein enorm overkapasitet som gir stor ulønsemd, og no prøver dei å få næringa i sin heilskap til å betale for å trappe ned den kapasiteten, seier han.