Hopp til innhold

- Fire år i fengsel er for mykje

Forsvararane for dei sikta i Vest Tank-saka meiner påstanden om fire år fengsel er altfor streng.

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Dei tre personane som står tiltalt i Nordhordland tingrett kan få den strengaste straffa som nokosinne er gjeve i ei miljøsak i Norge. Påstanden er fire år for både tidlegare dagleg leiar Jostein Berland og tidlegare styreleiar Terje Emblem, ved Vest Tank.

- Sjølv om ein tek utgangspunkt i at dei tiltalte har gjort det Økokrim meiner dei har gjort, så er det altfor strengt etter rettspraksis, seier Christian Eckhoff som forsvarar Berland.

- Reflekterer innsats

For den tredje tiltalte, rådgjevar Karl-Jan Erstad, er aktor sin påstand fengsel i eitt år.

- Eg trur straffpåstanden reflekterer innsatsen som Økokrim har gjort i saka, og ikkje dei handlingar som dei tiltalte etter Økokrim si oppfatning har gjort. Dei har lagt ned mykje ressursar, held Eckhoff fram.

- Rett påstand

Aktor Hans Tore Høviskeland er derimot overtydd om at han la ned rett påstand.

- Folk er blitt skadde, det var fare for liv til ei rekkje arbeidstakarar og fare for påverknad av miljøet. Det finnast ikkje noko meir alvorleg sak som har vore oppe for norsk domstol som gjeld miljøkriminalitet som denne saka. Difor meiner eg at ein påstand om fire år er ein rett påstand, seier han.