Hopp til innhold

- Fint, verdig og veldig trist

I føremiddag samla elevane ved Hafslo barne- og ungdsomsskule for å minnast Aleksandra Dominika Alberska. Den 15 år gamle jenta døydde brått då bilen ho sat i vart truffen av ei stor steinblokk fredag.

I føremiddag samla elevane ved Hafslo barne- og ungdsomsskule for å minnast Aleksandra Dominika Alberska. Den 15 år gamle jenta døydde brått då bilen ho sat i vart truffen av ei stor steinblokk fredag.

I føremiddag samla elevane ved Hafslo barne- og ungdsomsskule for å minnast Aleksandra Dominika Alberska. Den 15 år gamle jenta døydde brått då bilen ho sat i vart truffen av ei stor steinblokk fredag.

– Det var verdig og fint. Og veldig trist. Det er ein tung dag for heile skulen og heile bygda. Me har mista ein av ungdomane våre. Det går inn på alle, seier sokneprest Vegar Bondevik Lie.

– Korleis opplever elevane dette?

– Alle reagerer ulikt, men det er kjempetungt sjølvsagt og vanskeleg å forholda seg til.

- Vil prege oss

Rektor ved skulen, Kjetil Sønnesyn, seier skulekvardagen skal tilbake til det normale, men at vegen dit får ta så lang tid som den tek.

Bilulukka ved Årøytunnelen

OMKOM: 15 år gamle Aleksandra døydde i den tragiske rasulukka i Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

– Dette vil sette sitt preg på skuledagane våre framover. Først og fremst for dei som er tettast involvert. Dei i klassen til Aleksandra og dei som vart tettast. Så vil det variere litt frå klasse til klasse når det blir ein normal skulekvardag att. Uansett må me sjå føre oss å bearbeide dette ei stund framover, seier Sønnesyn.

– Verdifulle minuttar

Gjennom helga har lærarane ved skulen vore i møte med det kommunale kriseteamet for å førebu seg på dagen i dag. Elevane frå første til tiandeklasse vart samla til minnestund klokka 09.15. Der song dei, før rektor og soknepresten snakka til dei. Minnestunda varte i 20 minuttar.

Etterpå kvart elevane i 9. klasse, trinnet til Aleksandra Dominika Alberska, sittande ei stund til. Samtidig vart det også halde minnestund ved Kvåle skule i Sogndal, der Aleksandra Domenika Alberska var elev i to år.

– Det var ei verdig og fin stund. Det er verdifulle minuttar for oss alle når me får vere i lag og begynne å bearbeide dette her. Det var stille og verdig, seier Sønnesyn.

Aleksandra

STERKT MINNE: Ved ulukkesstaden ved Årøy i Sogndal er det sett blomar og anna til minne om Aleksandra.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

- Set i gang tankane

Rektoren dagpendlar sjølv på riksveg 55, forbi staden i Årøy der den store steinen fall på fredag. Staden har aldri vore sett på som rasutsett, men no har den vorte ein stad for ettertanke.

– Det er utruleg spesielt. Eg er ikkje redd, men det gjer sterkt inntrykk å vite at det var her det skjedde. Eg har allereie hatt ein del turar forbi der etter ulukka fredag og det er klart at det set i gang tankane. Det er det ingen tvil om.

Soknepresten seier sorgarbeidet vil halda fram ved skulen og i bygda.

– Det er alltid vanskeleg å sjå fram i tid, men me må berre bruke den tida me har. Me må snakka saman, og så må me prøva å koma oss tilbake til normalen, seier Vegard Bondevik Lie.