Per Kristian Foss. Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix
Kampen for ein skipstunnel gjennom Stadlandet har føregått i fleire år utan resultat. Starheim trur på at KrF og Venstre faktisk arbeider for prosjektet. Difor meinar han skulda ligg på Høgre, og særleg finansministeren, som sit på pengesekken.
- Meiningslaus påstand
Foss meiner Starheim ikkje veit kva han pratar om. - Det er ein meiningslaus påstand som viser kor lite han skjønner av korleis eit regjerings- og styringssystem føregår. Det er sjølvsagt ikkje finansdepartementet som styrer midlane, men samferdsledepartementet, seier han.