Sjukehusdirektør Gunvald Ludvigsen var i september valt til ordførar for Venstre i Eid kommune. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I går varsla styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, at sjukehusa i fylket kan bli 70 til 100 senger fattigare før året er omme. Berre slik har det hardt pressa styret håp om å kome i balanse innan neste år. Men i Sogn og Nordfjord er frykta stor for kva kutta vil gjere med fylket sitt desentraliserte sjukehustilbod. 100 senger tilsvarar nesten alt som finst ved sjukehusa i Sogn og Nordfjord.
- Feil veg
- Dette er feil veg å gå, meiner ordførar i Eid kommune, Gunvald Ludvigsen. Han var direktør ved Nordfjord sjukehus før han i fjor vart valt til ordførar.
- Lokalsjukehusa i nord og sør er bastionar som er heilt naudsynte for Sentralsjukehuset sin eksistens. Dei minste sjukehusa er så små i utgangspunktet, at om ein skal halvere dei er det nesten ikkje sjukehus att, seier Ludvigsen.
Støtte i Lærdal
Ludvigsen får støtte frå Bente Øien Hauge i Aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus. Ho trur ikkje eit sekund på at pasientane vil få eit like godt tilbod etter slike nedskjeringar.
- Det går ikkje an å tru på at det skal bli betre av at ein kan skal kutte like mange sengeplassar som er på dei to sjukehusa på Eid og i Lærdal, seier Øien Hauge. Ho meiner økonomien i Helse Førde har nådd eit punkt der styret bør nekte å gjennomføre fleire gigantkutt:
- Dei bør la pasientane koma framfor budsjettbalansen.
Helse Førde må kutte driftsnivået med 80 millionar kroner, og Helse Vest krev at økonomien kjem i balanse innan neste år.