NRK Meny
Normal

- Feil med etappevis overføring

Fylkesordførar Nils R. Sandal er misnøgd med at Regjeringa kan kome til å overføre statlege oppgåver til dei nye regionane i fleire etappar.

Regjeringa har no stadfesta at overføringa kan skje etappevis. Dermed er det usikkert om alle nye oppgåver vert overført innan 1.januar 2010.

Det likar fylkesordførar Nils R. Sandal dårleg. Han fryktar det vil svekke reforma.

- Omkamp kan svekke reforma

-  Eg meiner heilt klart at Regjeringa må gjere dei nødvendige vedtaka no om kva den nye forvaltningsreforma skal innehalde og om kva oppgåver som skal leggast til det regionale nivået. Dersom vi skal få nye rundar om desse spørsmåla seinare, så kan det bli omkamp, og det trur eg vil svekke reforma. Difor trur eg det er ryddingast at dei nødvendige prinsippvedtaka blir gjort no, og at det trer i kraft 1.1. 2010. 

Arbeider på spreng

Og 2010 er året då dagens fylkeskommunar skal erstattast av regionar. Regjeringa arbeider no på spreng for å avklare kva oppgåver som skal overførast til dei nye regionane. Men slik det ser ut no kan nokre av oppgåvene måtte vente lenger enn 2010.

Fylkesordførarane er samde

Fylkesordførarane i landet har dei siste dagane vore samla til konferanse. Sandal bekreftar at dei deler synet på etappeoverføring av oppgåver.

- Der var det ganske sameint frå alle fylkesordførarane at dei ynskjer at prinsippvedtaket blir gjort klart no, slik at vi slepp desse omkampane seinare.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy