Hopp til innhold

- Feil at postadressa skal avgjera

Ordføraren i Sogndal likar dårleg at Sunnfjord-interessene blei utslagsgjevande då Fylkesutvalet forkasta tidlegare stortingsrepresentant Erling Sande som representant til høgskulestyret.

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll

SNEVERT PERSPEKTIV: – Det er leitt av postadressa skal avgjera kven som blir plukka ut som representant til styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det må aldri vera ein nøkkelkvalifikasjon kva postnummer du har i adressa di, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Men nettopp postadressa var utslagsgjevande då Fylkesutvalet nemnde opp kommunalsjef Trond Ueland i Førde som ny representant til styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Det stadfesta gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Fylkesutvalet, Nils P. Støyva, måndag.

Sunnfjord-interessene

Bakgrunnen for striden rundt nye representantar til HiSF-styret er dragkampen i vinter om HiSF skulle slåast saman med andre høgskular eller ikkje. Det utgåande HiSF-styret kom då på kant med sine eige avdelingar i Sunnfjord. Sjukepleie- og ingeniørutdanningane i Førde ville fusjonera mot Bergen, men det sa styret fleire gonger nei til.

Presset for å få inn styremedlemmer som kan representera Sunnfjord-interessene har difor vore betydeleg. Og i går sa Støyva at påtrykket frå Sunnfjord-miljøet var avgjerande då Fylkesutvalet gjekk for Ueland.

– At me datt ned på Ueland, var med bakgrunn i signal me har fått frå Sunnfjord-regionen om at regionen sine interesser ikkje har vore godt nok representerte i høgskulestyret i denne perioden. Ueland har brei erfaring frå fylkesplanlegging, har vore sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, og han har no ein framståande stilling i Førde kommune, grunngav Støyva.

Montasje: Erling Sande, Arvid Andenæs, Høgskulen i Sogn og Fjordane

FORKASTA TIL HiSF-STYRET: Høgskulen i Sogn og Fjordane under sterkt politisk press frå regjeringa, men Fylkesutvalet meiner at Erling Sande (t.v.), tidlegare komitéleiar på Stortinget, med brei kontaktflate inn mot sentrale styresmakter, ikkje når opp som medlem i HiSF-styret. Også den breie næringslivskunnskapen til banksjef Arvid Andenæs (midten) blei funnen for lett.

Foto: Brit Jorunn Svanes/Pressefoto/Kjell Arvid Stølen / NRK

Sande vraka

Støyva sin partifelle, Sogndal-ordførar Aarvoll, likar ikkje at Fylkesutvalet har late seg påverka av presset frå Sunnfjord:

– Omsynet til Høgskulen i Sogn og Fjordane må alltid vera det viktigaste, og viss du berre har det lokale eller regionale perspektivet, misser du mykje, seier Aarvoll.

Valet av nytt høgskulestyre har større aktualitet i år enn tidlegare. Grunnen er at regjeringa ønskjer å slå høgskulen saman med andre. Det har difor vekt oppsikt at ein av dei førehandsnominerte kandidatane – tidlegare stortingsrepresentant Erling Sande, med ei god kontaktflate inn mot sentrale styremakter – blei vraka.

Aarvoll vil ikkje vurdera dei ulike kandidatane opp mot kvarandre, men meiner politisk erfaring er ein viktig kvalifikasjon i den lagnadstimen HiSF er inne i:

– For styremedlemmene er det avgjerande å ha god kontakt med og tyngde inn mot akademia, næringsliv, samfunnsliv, og ikkje minst god kontakt og tyngde inn mot det politiske miljøet.