Han seier at UDI dekker utgiftene, og han har ikkje forståing for at flyktningkonsulenten i Flora seier at dei ikkje har råd til å ha Isse i Florø.
Står fast på vedtaket
Flyktningkonsulent Arild Melvær ønskte i går ikkje å kommentere saka utover at dei står fast på vedtaket om å sende Isse til Bergen.
Isse vart kjend over heile landet då han i februar fekk henta dei morlause borna sine frå ein barneheim i Etiopia til Florø. Sidan den tid har dei budd der, og Isse ønskjer framleis å bu i kystbyen.