Offentleg etterspel i slike saker er viktig for å statuere eit eksempel, seier dagleg leiar i Antirasistisk senter, Nadeem Butt.
Uheldig signal
Også Norsk folkehjelp er kritisk til at politiet i Sogndal i går la saka om Robbie Russell død. Prosjektleiar for aksjonen "Gi rasisme raudt kort", Trygve Augestad, tykkjer påtalemakta sender ut eit uheldig signal når dei vel å ikkje etterforska spyttinga mot sogndalspelaren. Augestad skuldar politiet for å vera feige sidan dei ikkje på eige initiativ vel å etterforska saka.
Eige ønskje
Politiet i Sogndal vurderte tysdag på eige intitativ å etterforska dei rasistiske episodane mot Robbie Russell. Lensmann Olav Borlaug sa den dagen at eit offentleg etterspel i slike saker er viktig ut frå allmennpreventive grunnar.
Politijurist Bjørn Larsen seier no at politiet la saka død fordi dette var Russells eige ønskje.
For at politiet skal kunne etterforska den verbale rasistiske hetsen mot Russell, må sogndalspelaren melda saka. Dette vil altså ikkje Russell. Men når det gjeld spyttinga, kunne politiet ha etterforska dette forholdet på eige inititativ.