Myklebust meiner det er farleg å sleppe til politikarar med fordeling av fiskeressursane. Dei manglar historia om kvifor det har blitt som det er i dag, seier han.
Skal sikre råstoff til land
Myklebust er sjølv autoline-skipper og rysta over politikarane i nord. Men nestleiar i Troms Arbeidarparti, Aril Hausberg, seier til avisa Fiskaren at reaksjonar var venta. Dei vil likevel at fiskeressursane i første rekke skal vere eit gode for kystsamfunna. Difor må staten prioritere dei kystnære fiskeria som kan levere ferskt råstoff til arbeidsplassar på land, i staden for å hjelpe fram sterke reiarlag. Dette må det utvalet regjeringa no set ned for å sjå på norsk fiskeripolitikk ta omsyn til, seier Hausberg.
Reduserer tal arbeidsplassar
Nils Myklebust på si side peikar på at dette forslaget vil redusere talet på arbeidsplassar i fiskeria totalt. Åtte tonn torsk på ein linebåt gjev ein arbeidsplass. Ein kystbåt treng 46 tonn for same sysselsetting, seier Myklebust, og viser til tal frå Fiskeridirektoratet.