Hopp til innhold

- Får Sankta Sunniva heim til Selja

I helga vert det avduking av ei statue av Sankta Sunniva. – Det er jo på ein måte som at Sankta Sunniva kjem heim til Selja, seier Torkjell Djupedal i Venner av Selja Kloster.

SanktaSunniva

UTKAST AV STATUEN: Her er utkastet som kunstnaren Arne Mæland laga av statuen som skal avdukast i helga.

Foto: Privat

Statuen skal avdukast på torget i Selje, laurdag 6. juli. Då vert det opning av Sunniva- og klosterutstilling, og opning av pilgrimsvegen på Vestlandet, Sunnivaleia.

Då kjem kunstnaren sjølv i helikopter for å vere med på avdukinga.

– Det blir fint å endeleg få statuen på plass. Eg håpar dette kan bli samlingsplassen i bygda.

Konkurranse mellom kunstnarar

Vennelaget arrangerte ein konkurranse mellom kunstnarar om kven som skulle få lage statuen.

Ein jury enda til slutt opp med eitt utkast, og bestemte seg for kunstnaren Arne Mæland sitt utkast.

Stort dugnadsprosjekt

For å få råd til statuen har Venner av Selja kloster samla inn pengar i nesten tre år. Dugnadsgjengen har arrangert konsertar og heldt utstillingar, og har samla inn meir enn ein halv million kroner i løpet av dei tre siste åra.

– Det har vore hardt arbeid med å få dette til, men no er vi endeleg i mål, seier Djupedal.

Statuen som skal stå på torget, midt i Selje sentrum skal vennelaget gi til Selje kommune. Då er det dei som har ansvaret for vedlikehald av statuen.

Seljevågen

HER SKAL STATUEN STÅ: Statuen skal stå i Seljevågen, midt i Selje sentrum.

Foto: Privat

Stolt av resultatet

Djupedal har følgt heile prosessen med utformina av statuen nøye. Den er 3,2 meter høg, og veg meir enn tre tonn.

Statuen er laga i kvit marmor som kjem frå Carrara i Italia. Den er ein av veldig få skulpturar i Noreg som er laga av kvit marmor.

– Eg syns ho ser strålande ut og vi er veldig nøgd med resultate. Han har tydeleg lagt vekt på at sankta sunniva var ei sterk kvinne, fortel Djupedal.