NRK Meny
Normal

Turistane svikta ikkje hotella trass dårleg vêr

Overnattingsbedriftene har hatt ein solid sommarsesong. I Balestrand håpar hotelldirektøren på heilårsturisme.

Sigurd Kvikne

– FANTASTISK SESONG: Hotelldirektør Sigurd Kvikne kan smile i sola over ein god turistsesong, trass i dårleg vêr.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Sesongen har vore veldig bra besøkt frå mai og ventar at det vil vere det også ut september. Juni, juli og august har det vore fullt nesten kvar dag, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell i Balestrand.

Han meiner dei i år vil sette omsetningsrekord for hotellet. Også Aleksandra hotell i Loen har hatt gode besøkstal i sommar trass i at vêret ikkje har spelt på lag.

Hotell Alexandra i Loen

GODE TAL: Turistane har ikkje svikta Hotel Alexandra i Loen trass i dårleg vêr.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Vêret spelar inga rolle

– Det som er ekstra kjekt for oss som driv i denne bransjen er at dette viser at vêret ikkje spelar noko rolle. Turistane kjem likevel, seier Kvikne.

Wenche Salthella i NHO Reiseliv seier fleire reiselivsbedrifter har hatt ein god sesong i år.

Wenche Salthella

SOLID SESONG: Wenche Salthella i NHO Reiseliv seier overnattingsbedriftene i Sogn og Fjordane gjer det bra.

Foto: Karoline Kalstveit / NRK

– Det ser ut til å bli ein veldig god sesong for reiselivsbedriftene i Sogn og Fjordane, men også i heile landet.

Ho forklarer den gode sesongen med eit målretta arbeid over lengre tid.

– Vi har hatt nokre gode år og vi har fått god hjelp av ein fordelaktig kronekurs som gjer det billig å feriere i Norge, medan det blir dyrare for nordmenn å reise ut av landet.

– Vi har også fått mange gode omtalar i utlandet, og i store aviser og tidsskrift som gjer at interessa aukar for Norge som reisemål, så det er veldig bra.

Turistane kjøper ikkje sol og strand i Norge

Ho trur ikkje vêret har lagt ein dempar på interessa, men at turistane vil komme tilbake sjølv om sommaren har vore kald og fuktig.

– Dei utanlandske turistane kjem ikkje til Norge for å få sol og strand. Det er ikkje det vi sel dei som turistar. Så eg trur ikkje dei er lettskremde for regn og vind, seier Salthella.

Ho trur veksten for reiselivet vil halde fram.

– Det kan det absolutt. Reiselivsnæringa er i vekst på verdsbasis, folk reiser meir og meir. Så det gjeld berre at vi i Norge klarer å få vår del av kaka, også her i fylket.

Sigurd Kvikne meiner reiselivet har eit potensial i å legge til rette for heilårsturisme.

– Der er det eit stort potensial. Det er synd vi ikkje klarer å få det til.