- I dag er det stor arbeidsløyse, og viss ein ikkje greier å styre folk mot yrke der det er låg arbeidsløyse, er det å lure folk. Det seier Rune Apneseth ved Opplæringskontoret for Transport og Terminalfag.
Misser bindeleddet til staten
I statsbudsjettet vert det føreslege å legge ned både Opplæringsråda og Rådet for Fagopplæring, utan at andre tek over ansvaret for oppgåvene dei har hatt, seier Apneseth. Oppgåvene er å utarbeide læreplanar for yrkesfaga og å vere eit kontaktledd mellom næringslivet og departementa.
Om forslaget i statsbudsjettet om å legge ned så vel Opplæringsråda som Rådet for Fagopplæring vert realisert, vil det føre til at næringslivet misser sitt bindeledd til departementa, seier Apneseth, som meiner det er avgjerande å bli høyrd for at utdanninga skal vere målretta og for å sikre arbeidslivet framtidig arbeidskraft.
- Ikkje likskap for lova
Råda er del av eit større statleg nettverk, og om dei forsvinn, vil det medføre at ein ikkje har ein felles mal for opplæring her i landet, seier Apneseth. Ein vil heller ikkje ha noko felles klageinstans i klagesaker, seier han. Då er det overlete til kvar einskild fylkeskommune, og då er det ikkje lenger likskap for lova, seier han.