Hopp til innhold

– Eventyrleg vekst for fylkesvegane, seier Frp-leiaren

Fylkesvegane i Sogn og Fjordane får ein vekst som er heilt eventyrleg, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

Frank Willy Djuvik

- EVENTYRLEG AUKE: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner regjeringa legg fram ei kjempesatsing på vegsektoren.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Tidlegare låg det 37 millionar til fylkesvegar i Sogn og Fjordane, no er det eit samla handlingsrom på 250 millionar, det er ei kjempesatsing. I tillegg blir det ei historisk satsing på vedlikehald av riksvegane, seier Djuvik.

– Men mykje av dei 250 millionane til fylkesvegar er rentekompensasjonsmidlar, det vil seie at Staten dekker renteutgiftene dersom fylkeskommunen tek opp lån. Her har vi ein fylkeskommune som alt har over to milliardar i lån. Er det då lurt å ta opp meir lån?

– I dette tilfellet er det det, for dette er det som blir kalla gratis lån. Staten dekker alle rentekostnader, i tillegg blir det gitt auka tilskot til fylkesvegar slik at vi kan betale kapitalkostnadene.

– Etterslep

Djuvik har denne forklaringa på at det ikkje er startløyving til E39 Bjørset-Skei i Jølster.

– Bjørset-Skei ligg i Nasjonal Transportplan frå dei raudgrøne med startløyving i 2016/2017. Så hadde vi ei underfinansiering frå statsbudsjettet som gjorde at vi måtte løyve ekstramidlar for å nå att etterslepet vi hadde på Nasjonal Transportplan.

Han skulle gjerne ha sett at dei hadde hatt endå meir pengar, slik at det hadde blitt startløyving både til Bjørset-Skei og Vikafjellet, men:

– Vi har eit revidert budsjett neste år, så vi skal ikkje seie at det ikkje kan kome, seier Frank Willy Djuvik, som fortel at han ikkje har sove i det heile natta før framlegginga av statsbudsjettet.

– Slike budsjettdokument er kjempestore, og det tek tid å sette seg inn i alt saman, så i natt har eg berre site og lese dokument.