Hopp til innhold

- Er dei usikre slepp dei køyre her

Posten vil ikkje pålegge sine tilsette å køyre forbi rasområdet ved Kleiva på fylkesveg 633 på Stadlandet. – Tryggleiken kjem først.

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg

STOR: Den største steinen som rasa ned måndag var målt til 50 gonger 50 centimeter.

Foto: Geir Honningsvåg

Fleire store steinar rasa måndag morgon ut på fylkesveg 633 ut til Honningsvåg på Stad. For berre tre veker sidan var ein posttilsett nær ved å bli skadd då ein stein kom gjennom taket på bilen.

Dei som brukar vegen fryktar det skal kome fleire ras, noko også postsjefen i området er uroa for.

- Dette er eit område der det går ras både sommar og vinter, gong på gong. Vi har sagt at dersom våre tilsette føler seg usikre, så skal dei sleppe å køyre her, då får dei heller snu, seier distribusjonsleiar for posten i Selje, Vågsøy og på Bremangerlandet, Edvard Iversen.

Fryktar for tryggleiken til sine tilsette

I morgontimane måndag gjekk det for andre gong på kort tid eit ras ved Kleiva på fylkesveg 633. Asbjørg Honningsvåg som arbeider i Posten var på veg til arbeid då ho vart møtt av fleire store steinar i vegen. Ho prisar seg lukkeleg for at ho fekk steinane over vegen.

- Vi kan ikkje stole på flaksen lenger. Eg er redd det kan kome til å gå gale her dersom det ikkje vert gjort noko, seier Honningsvåg til NRK.no.

Raset gjekk i eit område der det ifølgje lokalbefolkninga stadig går ras. Eit kvinneleg postbod var i slutten av juli nær ved å bli alvorleg skadd då ein stein losna i fjellsida.

- Steinen brasa rett gjennom taket på postbilen. Den gjorde ein runddans bak i lasterommet og hamna i veggen bak nakkestøtta på førarsida. Det var kanskje berre 20 centimeter frå at det gjekk skikkeleg gale, seier Iversen i Posten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg ved Stad

RASFARLEG: Folk som brukar vegen dagleg meiner den er rasfarleg. Posten vil ikkje tvinge sine tilsette til å køyre her om dei kjenner seg utrygge.

Foto: Geir Honningsvåg

- Nokon må ta ansvar

Han har stor forståing for at dei tilsette gruar seg for å køyre ruta ut til Honningsvåg. Liknande situasjonar er det også på fleire andre småvegar i Selje, Vågsøy og på Bremangerlandet.

- For oss kjem tryggleiken først. Dersom våre tilsette kjenner seg usikre på å reise inn i dette området, så får dei sleppe. Det har eg vore heilt klar på, seier Iversen.

Rasområdet ligg mellom to rasoverbygg på strekninga. Iversen støttar dei som brukar vegen i kravet om at området må bli sikra.

- Både kommunen og dei som løyver midlar til vegbygging må ta ansvar.

Vil undersøke rasområdet på ny

Ein geolog frå Statens vegvesen undersøkte fjellsida i Kleiva med helikopter etter det første raset i juli. Dei vart overraska då dei måndag fekk meldingar om eit nytt ras. Dei har no bestemt seg for å undersøke området på nytt.

- Vi har bestemt oss for at vi skal ha ein geolog opp i helikopter for å vurdere området på ny, seier prosjektleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen.

Stengjer vegen i natt

Men grunna dårleg flyvêr måndag kan undersøkingane med helikopter ikkje bli gjort før tysdag morgon.

Rasområdet ved Kleiva er under oppsikt, og Vegvesenet har måndag ettermiddag bestemt seg for å nattestenge vegen. Vegen vil halde ope på dagtid, då med vakt som held området under oppsikt, opplyser Karlsen.